Bibelveke med godt innhald

Det har vore ei flott og innhaldsrik bibelveke på Centro Sarepta. Odd Sverre Hove har undervist oss med timar frå Johannes Openberring. Det var grundig undervisning der dei fleste kapittel blei lagt ut for oss. Mykje var nytt, og slik forkynnelse har vi sjelden eller aldri høyrt før!

Haldis Reigstad hadde hand om kveldsmøta! Ho fortalde mykje, auste av livsvisdomen sin, og las eigne dikt. Vi var heldige som fekk oppleve denne spreke dama! På turar, gjekk ho frå oss,- så lett på foten! Vi fekk også fin song på møta av Lars og Astrid Reinlund. 

Vi kosa oss og hadde gode dager med fine utflukter kvar kveld! Turistkyrkja i Benidorm fekk  besøk av oss, dei kom også på gjenvisitt.

Vi testa den beste isen og kaffien og kakene som Spanske-kysten kan by på! Vertskapet vårt Wenche, Jørn og Sunniva sørga for å få oss ut på tur! Vi blei tatt vare på døgnet rundt og har store planer om å gjere dette igjen!

Mvh Kari og Rolf Magnus Sundgot

På bilde f.v.: Hildegunn og Odd Sverre Hove og Haldis Reigstad